Wiersholm-partner Gunhild Dugstad foretrekker å bruke julen på gode naturopplevelser fremfor julebord i stiletthæler. Her fra en tur i Simadalen i Eidsfjord.
Wiersholm-partner: - Vi har lagt overraskende mange tech-løsninger på is
Ifølge Wiersholm-partner Gunhild Dugstad er det slett ikke alle eksternt utviklede tech-løsninger som holder mål. Firmaet har derfor valgt å utvikle sine egne skreddersydde løsninger.
- Vanlegvis har eg alltid ein stor transaksjon som pregar heile arbeidsåret. I år har det vore mange ulike saker som det er vanskeleg å velje blant. Eg trur difor nesten eg må svare personleg – at det var å fylle 40. Overgangen frå å vere den unge og lovande til å bli ein av dei etablerte.
– Har ditt advokat-kontor tatt i bruk noen legal tech-løsninger i løpet av året?
- Vi har testa ei rekkje eksternt utvikla tech-løysingar i løpet av året. Nokre er tatt i bruk, men overraskande mange er lagt på is då løysingane rett og slett ikkje er gode nok. Vi har difor i stor grad valdt å utvikle nye skreddarsydde tech-løysingar sjølve som ein del av Wiersholm LINK, vår nettportal utvikla for å forenkle, strukturere og forbetre dokumenthåndteringa for våre klienter. Dispute Control, ei eigenutvikla elektronisk plattform for handtering av tvistesaker, vart lansert i haust og har fått merksemd også internasjonalt.
– Hva gleder du deg til å jobbe med i 2019?
- I lengda av Dispute Control vil vi gradvis lansere nye modular av vår elektroniske plattform for handtering av transaksjonar – Transaction Control. Vonet er at denne plattforma skal forenkle arbeidskvardagen både for våre klientar og oss sjølv merkbart.
– Hvilken lov bør endres fortest mulig?
- Av heilt personlige årsaker ønskjer eg å attinnføre Lov om forbud mot plukking av moltekart. Heilt visjonært ønskjer eg å reformere heile verdas skattesystem.
– Timeprismodellen i advokatbransjen: Kommet for å bli eller moden for endring?
- For mange type oppdrag er timepris framleis den mest fornuftige prismodellen. Ideelt sett så hadde vi tatt betalt for verdien av våre råd, men det er diverre ikkje alltid like lett å måle konkret. For standardiserte prosesser vil nok fastpris bli meir og meir vanleg, men det er framleis vanskeleg å få sjølv finansielt oppegåande klientar til å forstå at fastpris kjem med eit innebygd risikopåslag.
– Pr. dags dato er 24 av 264 (cirka 9 prosent) av partnerne i landets fem største advokatfirmaer kvinner.
Hvor mange tror du det er om ett år?
- Wiersholm har eit vedtatt mål om minst en tredjedel kvinner i partnerskapet innan 2030. Skal vi klare dette må vi ta opp meir enn 50 prosent kvinner årleg. Om vi føreset at eit partnerskap varer i tjue år så vil det vere i overkant av tretten utskiftingar blant dei fem store i 2019. Om alle dei fem store skulle klare 50 prosent, og totalen er uendra endar vi på 31 kvinner og 11,7 prosent. Diverre trur eg ikkje vi klarer dette over heile linja. Eg tippar 28 kvinner, altså 10,6 prosent om ett år.
– Hvem er ditt faglige forbilde?
- Med fare for å bli mobba livet ut, så svarar eg Harvey Specter.
(Red. anm: Harvey Specter er en av hovedkarakterene i advokatserien Suits...)
– Hva var det beste som skjedde på ditt fagfelt i 2018?
- Eg ventar framleis på at nokon skal revolusjonere interbanksystemet. Det er tech, ikkje juss, som er flaskehalsen for ein transaksjonsadvokat i dag.
– Hva er ditt nyttårsforsett i jobbsammenheng?
- Eg skal bli endå flinkare å gje konstruktive tilbakemeldingar til mine kollegaer.
– Hva er din viktigste juletradisjon?
- Det er nok måltida saman med storfamilien. Røykt pinnakjøt på julaftan, lutefisk på fyrste juledag, og ribbe på andre juledag.
– Hvilket julebord var årets høydepunkt?
- Tradisjonelt utandørs juleblot på Vettakollen. Eg føretrekk bål, sovepose og minusgrader framfor stilletthælar og svart kjole.
– Hva er din favoritt-julefilm- /serie?
- Eg har sett lite på TV i jula dei siste åra. Då eg var lita sneik eg meg opp for å sjå Narnia tidleg på morgonen før vi dro ut på ski. Eg er framleis veldig glad i gode eventyr både på TV og i bokform.