Senterpartiet er imot sentralisering av domstolene. Her justispolitisk talsperson, Jenny Klinge.

Kven driv med desinformasjon, Frølich?

- Vi i Senterpartiet kjem til å halde fram med å informere om kva konsekvensane av regjeringas domstolreform vil bli, skriv Jenny Klinge (Sp) i dette innlegget.

Publisert

Med Høgre i spissen har regjeringspartia begynt å oppføre seg merkeleg i sin kamp etter å få legge ned domstolar.

Dei har for det første lagt fram forslag til ei domstolreform som reint faktisk inneber at til saman 52 domstolar i førsteinstans skal leggast ned. Samtidig presterer dei å gjenta påstanden om at ingen domstolar skal leggast ned til dei blir blå i ansiktet.

Men 37 av 60 tingrettar og 15 av 34 jordskifterettar skal jo forsvinne som sjølvstendige domstolar.

Vondt å innrømme at domstolar faktisk kjem til å bli nedlagte

For det andre meiner justisminister Mæland no at det ikkje skal vera noko hovudsete i dei nye, samanslåtte domstolane, men at alle rettsstadene skal vera likestilte. Altså at alle domstolane som er planlagt omgjort til rettsstader ikkje skal vera underavdelingar, slik det faktisk ligg an til. Det høyrest jo fint ut, men det er ikkje mogleg med dagens lovverk.

Regjeringspartia kjem med stadig nye krumspring for å skjule kva domstolreforma faktisk kjem til å føre til. Mæland og co har vel forstått at den beste måten å sentralisere landet i ro og fred på er ved å lure veljarane.

Midt oppi dette påstår justispolitisk talsperson i Høgre, Peter Frølich, at Senterpartiet driv med ein desinformasjonskampanje. Det er tydelegvis vondt å innrømme at domstolar faktisk kjem til å bli nedlagte og lettare å skyte på budbringaren.

Eg meiner veljarane bør få vita at konsekvensen ved reforma er nettopp nedlegging av domstolar og at arbeidsplassar og juridiske miljø lokalt vil vera trua for framtida når dette skjer. Det faktumet blir ikkje endra ved at dei nedlagte domstolane skal halde fram som filialar inntil vidare.

Garantien frå Mæland i strid med domstollova

Vi i Senterpartiet lyttar til domstolleiarar og tilsette ved tingrettar og jordskifterettar, advokatar rundt om i landet og i tillegg jusprofessor Eivind Smith, som alle slår fast at nedlegging av domstolar er konsekvensen av reforma. Når det gjeld garantien frå Mæland om at det ikkje skal vera noko hovudsete i dei nye, samanslåtte tingrettane eller jordskifterettane, er denne særs lite verdt.

Det ho hevdar vil nemleg vera i strid med domstollova §16, jamfør forskrift om inndeling av domssogn og lagdømme.

I forskrifta er samtlege domstolar i Noreg definert med eit hovudsete, det vil seie der domstolen ligg.

Eg tek Senja tingrett som døme, og ser på forskrifta §2, bokstav f. Der står dette: «Senja tingrett,

med sete på Finnsnes og som dekker kommunene Senja, Bardu, Målselv, Sørreisa og Dyrøy.»

Det er på same viset oppgitt eit hovudsete for alle tingrettar i landet, og det står samtidig kva for kommunar dei dekker. Uttalelsen frå justisministeren, som inneheld ein garanti for at rettsstadene skal vera likeverdige med domstolane, strir såleis mot domstollova med tilhøyrande forskrift.

Må oppretthalde dei lokale domstolane

Så lenge som Mæland ikkje har teke initiativ til å endre domstollova på dette området, blir heile garantien hennar rimeleg lite truverdig. Dessutan, sjølv om lova skulle bli endra på dette punktet, vil hovudsetet likevel bli ansett å vera der domstolleiaren har sitt daglege virke.

Omflakkande domstolleiarar som er like mykje på kvar stad i ein stor rettskrets med fleire rettsstader ville dessutan vera absurd bruk av tid og pengar, dersom det er dette som er planen til regjeringa.

Frølich og Mæland og resten av regjeringspartia held fram med å spreie desinformasjon, men dei skuldar urettmessig Senterpartiet for å drive med det same. Dei tykkjer sikkert målet heiligar middelet.

Den beste måten å sikre ein nærverande og tilgjengeleg rettsstat for framtida på, er ved å oppretthalde dei lokale domstolane. Desse bidreg også til at Noreg i dag ligg i verdstoppen når det gjeld rettssikkerheit. Vi i Senterpartiet kjem derfor til å halde fram med å informere om kva konsekvensane av regjeringas domstolreform vil bli.

Eg håpar veljarane innser at det betyr noko at vi har kvalitetssikra informasjonen vår hos dei som sit med klubba rundt om i domstol-Noreg. Det har tydelegvis ikkje regjeringspartia, men dei kjenner seg likevel frie til å koma med stadig nye påstandar som verken har hald i lovverket eller verkelegheita.

Powered by Labrador CMS