- Det er mi inderlege von at juristar med fleirkulturell bakgrunn òg skal gje norsk juss meir vitalitet som ei motkulturell kraft, skriv innleggsforfattaren.Foto: Nazan Akpolat, Istock
- Det har alltid vore ein språkdebatt innan jussen
- Hadde Lægreid lært av historia, ville han ha funne grunnar til å tenkja seg om før han gjekk ut og hevda at fleirkulturelle har eit språkleg handikap i det praktiske rettslivet, skriv rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde i dette innlegget.
Jørn ØyrehagenSundeProfessor ved Institutt for offentlig rett, Universitetet i Oslo
Språkdugleik kan stå fram som eit objektivt kriterium å vurdera kvalitet etter. Så dersom ein hevdar av juristar med fleirkulturell bakgrunn kan ha eit handikap i arbeidslivet fordi dei ikkje skriv godt nok norsk, kan det framstillast som ein nøktern observasjon av dei faktiske realitetane. Slik er det ikkje.
Rettshistoria viser oss at argument om språkdugleik like gjerne er tufta på fordommar og manglande evne til kritisk vurdering av eigen språkbruk. Dette bør ein ha i minnet i den språkdebatten som har blussa opp etter Olav Lægreid sitt lite reflekterte innlegg.
Annonse
Ein kan nesten hevda at det alltid har vore ein språkdebatt innan jussen. Det er ganske naturleg, sidan språket er juristar sitt fremste verktøy. Ein kan likna ein jurist med ein smed som med ein hammar formar eit stykke jern, der jernet er retten og hammaren er språket. Likevel er det ikkje hammaren, men jernet ein skal halda fokus på. For visst er språk viktig. Men det er likevel ikkje eit godt juristspråk som er etterpurt i samfunnet, men god rett.
- Språket må endra seg
Enno viktigare er det at slik ein har svinga hammaren tidlegare, ikkje nødvendigvis er den måten ein skal svinga den på i framtida. For kva forventningar ein har til utforminga av retten endrar seg, og då må språket vi nyttar endra seg tilsvarande.
Kort fortalt kan ein seia at opp gjennom rettshistoria har utbygginga av statsmakta gjort at retten pregar folk sin kvardag meir og meir. Då må ein samstundes gjera meir tilgjengeleg det språket retten vert utforma og formidla med.
Desse to tinga bør ein ha i minnet når ein kritiserer nokon for ikkje å halda det språklege nivået som god juss fordrar. Ein slik refleksjon manglar når Lægreid uttalar seg om fleirkulturelle sine språkevner. Og det er merkeleg å sjå dei same argumenta brukt mot fleirkulturelle som i si tid vart nytta mot nynorskbrukande juristar.
«Hadde vore god om den bare var skriven på menneskemål»
Nynorsk og bokmål – tidlegare kalla landsmål og riksmål – vart jamstelt i 1885. Lov om normaltid var den fyrste lova som vart skriven på nynorsk, og handsama av Stortinget i 1894.
Det var full semja om innhaldet i lova, men stor usemje om ein kunne skriva lover på nynorsk. Nynorsk eigna seg godt til å diskutera ting som var knytt til fiske og jordbruk, men statsspørsmål som lov var nynorsk ikkje brukande til. Dette fordi målforma mangla den presisjon som gjorde at jussen vart klar og forståeleg. Lova vart vedtatt med knapt fleirtal. Neste lov på nynorsk kom i 1920, for fordommane mot nynorsk som rettsspråk haldt seg lenge.
Fyrste juridisk eksamen på nynorsk vart avlagt i 1909 av Ketil Skogen. Sensor skreiv på eksamen at den hadde vore god om den bare var skriven på menneskemål, og gav lågaste ståkarakter. Argumentet var framleis det same – nynorsk eigna seg ikkje til å formidla juss fordi ein oppnådde ikkje den språklege presisjon som god juss var avhengig av.
Skogen vart fyrste nynorskbrukande sorenskrivar på 1930-talet, fyrste doktorgrad på nynorsk vart avlagt på 1960-talet, og i 1999 fekk ein i Noreg den fyrste nynorskbrukande høgsterettsdommaren.
- Like fullt tale om fordommar
I dag vil ingen gå ut og hevda at nynorsk ikkje eignar seg som rettsspråk. Likevel er det i mange store advokatfirma argumentert mot at ein skal skriva prosesskriv på nynorsk, ofte med det argumentet at klientane ikkje vil ha det, eller ikkje forstår det.
På den måten kan ein vidareformidla over 100 år gamle fordommar, som er klart motbevist, utan å stå fram som fordomsfull. Men det er like fullt tale om fordommar, og har lite med realitetar å gjera. Til dømes opplevde advokat Steinulf Tungesvik bare ein gong i si tid som advokat i Kluge at ein klient ønskte prosesskriva på bokmål i staden for nynorsk.
Hadde Lægreid lært av historia, ville han altså ha funne grunnar til å tenkja seg om før han gjekk ut og hevda at fleirkulturelle har eit språkleg handikap i det praktiske rettslivet. Men det kan vera at han då ville ha argumentert med at han har uttalt seg om formuleringsevne innan ei språkform, og at det var noko heilt anna enn fordomar mot ei parallell målform. Men det er òg feil.
Juridiske språk endra mange gonger
Det har alt i fleire tiår vore snakk om at det juridiske språket er eit stammespråk med tunge og delvis meiningslause formuleringar for ting som kan seiast enkelt og rett fram. Det er mangelen på slike språklege krokvegar som har ført til fordommar mot nynorsk. Men er ein manglande evne til å meistra dette juridiske stammespråket, som ligg alt for langt unna daglegtalen, verkeleg eit problem?
Som sagt ovanfor, har det juridiske språket vorte endra mange gonger opp gjennom rettshistoria. Tommelfingerregelen er at når staten regulerer meir av samfunnet enn før, må det juridiske språket gjerast enklare for å skapa ein balanse mellom høvet til inngrep og høve til å forstå og argumentera mot inngrepa.
Dei siste tiåra har rettsleggjeringa av samfunnet vunne om seg. Då er det både fornuftig og logisk at staten, saman med Juridisk fakultet i Oslo, har ei klarspråksatsinga for å forenkla og gjera meir tilgjengeleg det juridiske språket.
- Rettslig fornying
På den bakgrunnen må ein spørja seg om ein har bruk for advokatar og sensorar som pirkar på jusstudentar sin manglande evne til å oppfylla krava til godt juridisk (stamme)språk, eller om ein heller bør reflektera over kvifor det er vanskeleg å meistra dette språket, og om det ikkje kan gjerast enklare slik at jussen vert opna opp mot samfunnet.
For slike advokatar og sensorar har mista fokus på retten og fokuserer i staden på språket. Ein har med andre ord vorte ein smed som er meir opptatt av hammaren ein brukar til å forma jernet, enn korleis jernet vert forma. Då ser ein heller ikkje at det kjem rettsleg fornying med personar med ein annan kulturell bakgrunn.
Nynorskbrukande juristar var med å gje jussen eit nytt innhald på grunn av at dei nytta eit språkform som opna opp for at dei kunna ta deira kulturelle bakgrunn med inn i jussen.
Til dømes var både Fredrik Brandt og Nikolaus Gjelsvik frå landsbygda. Men Brandt skreiv riksmål, og gav ut ein tingsrett der faktiske rettssedvanar i realiteten vart sensorert bort av romarrettslege rettsreglar. Gjelsvik, som var fyrste professor i rettsvitskap som skreiv landsmål, var den innan norsk tingsrett som gav den retten som faktisk vart brukt ein høgare status enn det romarrettslege tingsrettssystemet.
I over 100 år har nynorskbrukande juristar representert motkultur innan jussen, og slik vore med å påverka både språk og innhald. Men dei siste tiåra har denne krafta minka, rett og slett fordi den kulturelle forskjellen mellom by og land er mindre enn før.
Noko av dette tapet har vorte kompensert gjennom inntoget av samiskspråklege juristar, som mellom anna har vore med å endra innhaldet i norsk tingsrett.
Det er mi inderlege von at juristar med fleirkulturell bakgrunn òg skal gje norsk juss meir vitalitet som ei motkulturell kraft, saman med samiske og nynorskbrukande juristar.
Må dei ikkje verta hindra av språkpirkete juristar og sensorar som heng fast i eit juridisk stammespråk som ikkje passar i vår samtid.